Norske bringebær har blitt ei suksesshistorie

På nokre få år har norskproduserte bringebær auka frå 10 til over 1000 tonn i året.

Det er ikkje meir enn drygt 10 år sidan friske, norske konsumbær kom i butikkane. Før det kunne ein berre finna lokalsal av bringebær langs vegen, og desse bæra var mindre, surare og vart lettare blaute. Dei egna seg best til saft og sylting.

- Eg var i Canada og såg korleis dei dyrka bringebær. Bær som var søte og gode, og som heldt seg bra i butikk. Då slo det meg: Kan dei få det til, kan vi få det til, fortel Nina Heiberg, forskings- og utviklingssjef ved Gartnerhallen.

Saman med forskingsmiljøet på Njøs, starta dei jakta på eit type bringebær som kunne egna seg for konsum. Dei byrja i 1987 og i 1995 hadde dei funne to sortar som blei definert som gode nok: Glen Moy og Glen Lyon.

- Men det var ingenting som tok fart før Glen Ample kom i 2003. Denne sorten er mykje betre på smak og tåler meir, fortel Stein Harald Hjeltnes ved Njøs Næringsutvikling. 

Salet eksploderte

- Då Glen Ample kom på marknaden, var kommentarane rundt oss ”slik skal eit bringebær smaka”, fortel Heiberg.

Denne sorten var så naturleg søt at ekstra sukker ikkje var naudsynt, slik ein hadde vore vande til med sorten ”Veten”. Den friske og runde smaken gjorde at bringebærsalet eksploderte. Ikkje berre auka etterspurnaden, produsentane hadde eit bær som tolde å bli frakta og buskane var mindre sensitive mot frost. Tal bringebærprodusentar auka raskt, men norske produsentar klarte ikkje å halde tritt med etterspurnaden.

- Den norske produksjonen førde til at importen også skaut fart. Slik kunne konsumentane få tak i bæra heile året, noko som òg kom dei norske produsentane til gode. Folk blei meir og meir glad i bringebær – dei fekk ikkje nok, fortel Heiberg.

Ny rekord i 2015

Det veks fram eit godt miljø for bringebær-produsentar i Sogn og Fjordane. Fleire forskingsprosjekt blei sette i gang og mange bønder har gått frå industri- til konsumproduksjon dei siste åra.

  Med plasttunnelar blir sesongen lengre, bæra mindre vêrutsett og butikkanefår ein tryggare leveranse. Her fra garden til Ola Hopperstad på Vangsnes i Vik.

Med plasttunnelar blir sesongen lengre, bæra mindre vêrutsett og butikkanefår ein tryggare leveranse. Her fra garden til Ola Hopperstad på Vangsnes i Vik.

Frå 2003 til i dag, har konsumsalet auka frå 10 til 1000 tonn i året i Gartnerhallen . Og 2015 var eit rekordår. Då ble det selt over 2700 tonn bringebær til konsum i Noreg, litt over halvparten var norske bær.  Kan vi klare å utvide haustesesongen for norske bringebær kan vi selja endå meir, for norske forbrukarar vil helst ha norske bær. 

- Det som er så bra, er at bringebær er så sunt. Vi trefte ei sunnheitsbølgje då vi starta, og den er fortsatt umetta. Etterspurnaden aukar jamt og trutt. Vi veit ikkje kor det stoppar, fortel Heiberg nøgd.

Ikkje gått utan plasttunnelar

Ein av grunnane til bringebær-suksess er måten dei er dyrka. Mellom anna var miljøet på Vangsnes i Vik, med Ola Hopperstad i spissen, tidleg ute med å dyrka bringebær i plasttunnelar. Slik blir sesongen lengre, bæra mindre vêrutsette og butikkane får ein tryggare leveranse då bæra kan bli plukka tørt uansett vêr.

- Dei tok ein stor risiko på Vangsnes då dei investere i plasttunnelane og testa dei ut. Vi har alle mykje å takke dei for. Forskingsmiljøet på Njøshadde prøvd ut plasthus og veksthus tidlegare , og vi visste at det går fint, men tunnelane er billegare å setje opp, og dei er gode nok.  Dette gir oss bær som er godt egna for sal til ein akseptabel pris, fortel Heiberg.

I dag vert tunnelane nytta i heile landet.

- Det er mykje manuelt arbeid med bringebær. Ein må væra veldig nøye med å få dei raskt på kjøl når dei er plukka. Ein kan til dømes ikkje køyra på ein humpete veg med eit lass bringebær utan at dei vert skada, fortel Heiberg.

- Vi er nok fremst i Skandinavia på bringebær i dag. Det ligg mykje arbeid og forsking bak, så det er moro at det betalar seg og har blitt ein suksess, avsluttar Heiberg.

 

Fruktfatet er ei næringsklyngje som skal revitalisere frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane.
Les meir her.