Nyttedyr - våre viktigaste hjelparar i frukthagen

For å seia det enkelt: Ingen summande insekt, ingen eple å knaske på.

Skal ein dyrka frukt, er ein heilt avhengig av å ha nyttedyr i frukthagen. Humler og bier pollinerer blomane på frukttrea våre, ei teneste som til slutt gir oss frukt.

Bremsar humle- og biedød

Vi har 35 humlearter og 250 biearter registrert her i landet, men vi har langt færre blomar og ta av. Difor må vi jobba aktivt for å auke mangfaldet av blomar. For å halde humle- og biebestanden oppe og ta vare på dei pollinerande insekta, kan ein gjera eit viktig bidrag.

Auka mangfald av blomar frå tidleg om våren gir mat til svoltne humler og bier, og gjer dei sterke og mange til å gjera jobben med å pollinera frukt- og bærblomar.

Viktig med økologisk

Mykje tyder på at enkelte sprøytemiddel reduserer humlene si dronningproduksjon, og øydelegg for navigasjonsevna. Difor spelar økologiske hagar ei viktig rolle.

Som bonde kan ein gjere enkle tiltak i randsonene og legge til rette ein meir optimalt buplass for solitærbier (einslege – dannar ikkje samfunn som honningbier). Ein kan plante naturleg ville blomar og staudar som er tiltrekkande, gjerne tidlege sortar der den overvintrande humledronninga kan finne mat. Ein kan til dømes samle inn frø frå ville blomeplantar og strø ut i hagen på vårparten.

Visningshagen på Njøs

  Hotell for nyttedyr på Njøs.

Hotell for nyttedyr på Njøs.

  Det er lagt vekt på ulik blomstringstid hos staudane.

Det er lagt vekt på ulik blomstringstid hos staudane.

I visningshagen på Njøs vert det planta ut hardføre staudar ved endane av kvar rad. Desse plantane er dokumentert rike på pollen eller nektar og serverer nyttedyra det dei vil ha. Døme på slike staudar er anisisop, kattemynte, brunstorkenebb, revehale og lavendel.

Det er lagt vekt på ulik blomstringstid hos staudane for å sikre næringstilgang gjennom heile sesongen. Når den overvintrande dronninga kjem ut frå vinterdvalen, er det særleg viktig med tilgang til næring tidleg på våren. I randsonene til feltet vart det sådd rader med honningurt, blodkløver, bokkveite og vintervikke. Det er også lagt til rette for at humler kan byggja bol.

Fleire nyttedyr

I økofeltet på Njøs er det sett opp eit nyttedyrhotell for stimulering av biologisk kontroll. Her har dyr som gullauge, marihøne, saksedyr og solitærbier busett seg. Nyttedyrhotellet er sett opp på ein lun plass med solvendt helling. Det er særleg viktig å sørgja for å tilby nyttedyra gøymestader for overvintring i moderne frukthagar med kortklypt gras. Ein kan til dømes nytte gamle trestokkar, steinheller eller tørt gras.

I 2013 vert det satt i ganga eit fuglekasse-prosjekt i samarbeid med femteklassingar ved Leikanger barne- og ungdomsskule. Dei har sett opp meisekassar tilfeldig fordelt over heile økofeltet. Blåmeis er rekna for å vera svært effektive insektetarar, noko som reduserer trykket frå skadegjerarar som epleviklar andre sommarfugl-larver. Blåmeis kan ha to kull ungar per sommar, og eit blåmeispar med ungar et om lag tre kilo insekt per sesong.

  I randsonene kan ein så rader med til dømes honningurt, blodkløver, bokkveite og vintervikke.

I randsonene kan ein så rader med til dømes honningurt, blodkløver, bokkveite og vintervikke.

  Blåmeis er rekna for å vera svært effektive insektetarar.

Blåmeis er rekna for å vera svært effektive insektetarar.


Fruktfatet er ei næringsklyngje som skal revitalisere frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane.
Les meir her.