Ola (52) vart fødd inn i livet som bringebærbonde

- Eg lika aldri å plukka bær i som liten, men no kunne eg ikkje tenkt meg noko anna liv.

  Ola Hopperstad har 50 mål med bringebær på Vangsnes. Foto: Noralv Pedersen

Ola Hopperstad har 50 mål med bringebær på Vangsnes. Foto: Noralv Pedersen

Ola S. Hopperstad er ein av tre produsentar i Sognabær. Han har ein stor fruktgard på Vangsnes i Vik kommune, der han dyrkar 50 mål med bringebær og 6 mål med jordbær - noko som tilsvarar åtte fotballbanar!

I tillegg er Hopperstad styreleiar i Sognabær AS og leiar i Hagebutikken AS, som mellom anna driv med import og sal av bringebærtunnelar.

- Vi produserer rundt 200 tonn bringebær årleg i Sognabær. I Vik totalt er vi oppe i rundt 600 tonn, fortel fruktbonden.

Avhengig av riktig temperatur

Det er med andre ord ingen småproduksjon Hopperstad driv med. Det er ein heiltidsjobb, som han alltid har visst at han skulle ha. Hopperstad dreiv ei fotografbedrift i Bergen i ni år, men da avgjersla vart teken om å satse på tunnelbær, blei valet enkelt.

- Å kombinere gardsdrift i Sogn med fotobedrift i Bergen blei for tøft, så eg satsa på bæra, fortel han.

52-åringen er fødd inn i ein familie som levde av fruktdyrking, og som barn nytta han kvar sommarferie til å plukka bær. Den gongen var bærplukking langt frå favorittsporten, men no har han 22 år bak seg som fruktbonde.

- Bringebær er krevjande å dyrka, særleg konsumbær, då det er mykje manuelt arbeid. Det er ein god del å setja seg inn i, men det er det som gjer det spennande.

Hopperstad kan allereie på seinvinteren ana om det blir ein bra sesong: Kor lenge frosten held, i tillegg til temperaturen på sommaren. Til dømes var fjorårets sommar kald, og bæra blei seinare mogne.

- Skal det bli eit godt sal, er vi nøydde å ha modne bær i fellesferien. Det er då folk kjøper. Kjem bæra for seint, vil vi aldri selja like mykje.

Starten på tunnel-import

I dag går alle bæra til Sognabær, som leverer vidare til Bama. Bama tek seg av distribusjon og sal til butikkane. Men fruktbonden har ikkje alltid produsert bær til konsum.

Fram til 2005 var det industribringebær som blei dyrka på garden på Vangsnes. Men i 2005 gjekk prisane på industribær i kjellaren. Hopperstad måtte gjere noko - eller slutta med bringebær.

Han gjekk saman med to kameratar og starta Sognabær, men innsåg fort at dei måtte tenkja nytt om dei skulle overleva med produksjon av konsumbær.

- Vi byrja å utvikla bringbærtunnelar, ein folie ein sett opp over bringebærplanta. Det gjer at bringebæra kan plukkast uansett vær. Butikkane kan ikkje bry seg om vêr, dei må ha bæra sine. Med tunnelar får vi levert uansett vêr.

Hopperstad utvikla Arctic Tunnel, bringebærtunnelar tilpassa dei røffe vêrtilhøva som kan oppstå på Vestlandet. Stålkonstruksjonen blir produsert i Skottland, medan plasten til tunnelane vert produsert i Hellas og distribuert i England.

  Arctic Tunnel er bringebærtunnelar tilpassa dei røffe vêrtilhøva som kan oppstå på Vestlandet.

Arctic Tunnel er bringebærtunnelar tilpassa dei røffe vêrtilhøva som kan oppstå på Vestlandet.

 
Å kombinere gardsdrift i Sogn med fotobedrift i Bergen blei for tøft, så eg satsa på bæra.
— Ola Hopperstad

Godt klima på Vangsnes

Samstundes som tunnelane skal tåla røft vêr, er det òg viktig å ivareta fordelane klimaet på Vangsnes gir, med høg kvalitet på bæra og store avlingar. Vangsnes er bra for dyrking av bringebær då det er nord-vest-retning, mykje sol og slak bakke.

- Det har alltid vore dyrking av bringebær her på Vangsnes. Vi har ein del vind på ettermiddagen, som gjer at det lett tørkar opp om det har vore regn på dagen. Det reduserer problemet med sopp, fortel Hopperstad nøgd.

 

Fruktfatet er ei næringsklyngje som skal revitalisere frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane.
Les meir her.