Marianne (47) hamna på «feil hylle» og blei økofruktprodusent

- Eg var ikkje meint å bli fruktbonde, men eg stortrivs, fortel Marianne Bøthun. Alle foto: Privat

- Eg var ikkje meint å bli fruktbonde, men eg stortrivs, fortel Marianne Bøthun. Alle foto: Privat

Nå er ho ei av seks fruktbønder utnemnd til å vera inspirasjonsbonde i Noreg, for å få fleire til å dyrka økologisk.

- Eg var ikkje meint å bli fruktbonde, men som nyutdanna miljøkonsulent var det vanskeleg å finna jobb. Eg fekk jobb som dagleg leiar på fruktlageret her i Fresvik og syntest det var eit godt miljø, fortel Marianne Bøthun.

Ein dag kom to av medlemane til fruktlageret med flotte eple, produsert økologisk. Dette fekk auga til Bøthun opp. Ho innsåg at det gjekk an å dyrka like flott frukt økologisk som konvensjonelt. Då grossist BAMA ikkje hadde nokon plan for økologisk produksjon, laga Fresvik Kjølelager sitt eige salsapparat for økofrukt.

Dette gav meirsmak, og i 2004 starta Bøthun økologisk epleproduksjon på garden sin i Fresvik. Samstundes hadde ho vorte hyra inn til prosjektjobb innan økologisk frukt og bær i Økoringen Vest, og i 2015 blei ho utnemnd til å vera inspirasjonsbonde i Noreg.

Vil inspirere andre

Inspirasjonsbonde er ein del av prosjektet «Økoløft», der Bøthun saman med 30 andre bønder skal bidra til å auka produksjonen av økologiske landbruksprodukt. Bøthun skal spreia den gode bodskap: det går an å dyrka fin frukt med minst mogleg sprøytemidlar.

I dag driv Marianne Bøthun fem dekar frukt saman med mannen Stein Knatterød (49). I tillegg har dei begge arbeid utanom garden: Stein på kjøleromsverksemda Fresvik Produkt og Marianne som rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest. Men med god støtte frå Innovasjon Norge, vil dei planta ut enno 13,5 dekar eple dei neste tre åra.

- Draumen er å kunne leve av frukt, sauer og bier på garden, og ikkje trenge full jobb utanom.

I tillegg til økologisk fruktproduksjon byggjer dei opp ein besetning med gamalnorsk spelsau.

I tillegg til økologisk fruktproduksjon byggjer dei opp ein besetning med gamalnorsk spelsau.

Marianne og mannen har òg byrja med birøkt.

Marianne og mannen har òg byrja med birøkt.

Slik blir økologisk frukt til

Mange trur økologisk betyr null sprøytemidlar, men clouet er å bruke sprøytemildar som er meir skånsame for naturen, produsenten og forbrukaren. Til dømes vert svovel nytta mot sopp, samtidig som det er eit næringsstoff for planta. Same med kopar. I store dosar er kopar giftig, men i riktig dose er det eit naudsynt mikronæringsstoff. Mot luse- og middegg er vegetabilsk olje og grønsåpe, utblanda i vatn eit effektivt middel. Bakepulver kan også brukast i kampen mot skurv.

- Det er ikkje mogleg å driva kommersiell fruktproduksjon heilt utan sprøytemiddel. Dyr vil eta på frukta di, og sopp og anna kan setja merke. Då vil ingen kjøpe produkta.

- Men klarer ein å dyrka med meir miljøvenlege sprøytemiddel, er ein langt på veg mot økologisk produksjon. Debio gjev rammer og regelverk for kva som er tillete innan økologisk drift. Det krevst hyppigare sprøyting sidan midla er svakare, og ein må vere litt meir påpasseleg for å unngå skadedyr og sopp. Men får ein til økologisk produksjon, får ein betre betalt for frukta. I fjor fekk me oppgjort ein meirpris på ca 25 prosent, i tillegg av konvensjonell pris for konsumfrukta, fortel Bøthun.

Fleire vil ha økologisk

Det blir meir og meir attraktivt å produsera økologisk, då etterspurnaden frå forbrukarane aukar. Fruktprodusentar vert oppmoda til å dyrka økologisk, og stønadsordningane frå Innovasjon Norge er betre. Stortinget har eit mål om 15 prosent økologisk produksjon innan 2020, eit tal som i dag ligg på rundt 5 prosent.

- Det var eit oppsving kring starten av 2000-tallet, men så flata det litt ut. Nå ser økologisk produksjon ut til å auka igjen, ofte fordi nye brukarar kjem til. Det er gjerne generasjonsskifte på gardane, fortel Bøthun.

Sogn og Fjordane er størst med 54 økologisk fruktprodusentar. Det er mest eple, men også litt plommer og bringebær. Samla areal i fylket er stort, men mykje blir ekstensivt drive og gjev lite volum av seg.

- Vi har mange fruktprodusentar i fylket, men dei fleste er små. Samarbeidet er veldig godt, også mellom konvensjonelle og økologiske produsentar. Fleire konvensjonelle bringebærprodusentar har byrja å ta i bruk vegetabilsk olje og grønsåpe mot bladmidd. Det har dei lært frå økologisk drift, noko som syner litt av spydspissfunksjonen økologisk drift kan ha, fortel Bøthun.

Som rådgjevar jobbar ho både for konvensjonell og økologisk drift, så ho vernar like mykje om begge produksjonsmetodane.

Ho fortel at bønder som driv økologisk har vel så mykje å læra av konvensjonell drift. Dei har halde på lenge, og driv ofte godt slik at dei gjer pengar på frukta si.

- Eg lærer sjølv stadig nye ting om fruktproduksjon. Det er det som gjer det så utruleg spennande, avsluttar Bøthun.

Nyttedyr er bra å ha når ein er fruktprodusent.

Nyttedyr er bra å ha når ein er fruktprodusent.

Stein jobbar på Fresvik Produkt når han ikkje er fruktbonde.

Stein jobbar på Fresvik Produkt når han ikkje er fruktbonde.


Fruktfatet er ei næringsklyngje som skal revitalisere frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane.
Les meir her.